Gamle Bergen Museum

Som ansatt i Bergen kommune fikk eg (med familie) i går moglegheit til å "prøve ut" Gamle Bergen Museum sine nye satsingsområder - nye og opne hus, aktiviteter og skodespelarar som beveger seg naturleg i bymiljøet.


Gamle Bergen er ein rekonstruert by med hus frå 17-, 18-, og 1900-talet. Det er i alt rundt 50 trehus der, både "private" og "offentlige"; som til dømes tannlege, kolonial, baker osv.

Det var fleire skodespelarar der i med kostymer på. På "flaggtoppen" hadde de laga leikeområde til ungane - noko som var så kjekt at Nathaniel verken ville gå vidare eller heim derfrå! Før vi kom dit hadde han fått seg ei seljefløyte og ein trebåt med gummistrikkmotor av snekkaren:)

Vi som var "spesielt inviterte" fikk helse på museumsdirektøren og hente oss litt å spise og drikke, som vi så kosa oss med i skyggen av eit tre på "bytorget".

Flotte trehus og koslege små gater og smug.

Ein ny tur innom leikeavdelinga før sola forsvant og regnet begynte. Kjempekjekt å spasere rundt; dette familietilbodet ANBEFALER vi!:)

I dag er det sol frå skyfri himmel! Vi har hatt oss ein formiddagstur i Kanadaskogen, og har forhåpninger til årets første middag på verandaen:)

17.mai - verken meir eller mindre

Akkurat no er eg så sliten at eg har mest lyst å klage over barn som starter dagen kl.04.30, timerslang febrilsk leiting etter 17.mai-effektar som vi la på "ein lur plass" for eit år sidan, rømmegraut som ikkje smakte nok rømme, unger som ikkje vil samarbeide når vi prøver å bli klare for feiring ute blandt folk, regn, unger med bæsjebleier som stinker ut heile toget, voksne med sneipen i munnviken som ikkje tar hensyn til at det er andre i nærleiken, unger med fløyter som blåser på kvar utpust, unger (foreldre?) som trur at knallpistol er ein naturleg del av nasjonaldagen, frysarar som blir ødelagde dagen før dagen - noko som betyr at ungen som er blitt lova is ikkje kan få is, og unger som er så overtrøtte og potte tett i nasa at de akkurat no ligger å hyler i senga medan eg eller Hogne går i skytteltraffikk frå og til i forsøk på å roe ned og trøyste. Men det skal eg ikkje gjøre. Eg skal heller leggje ut fine bileter av det som tross alt har vore ein kjempefin dag!


17.mai-cupcakes:)

Nam!

Rømmegraut, fantastisk spekemat og vannkringle - og  mitt favorittfat; eit dreia fat som eg fikk til 30-årsdagen min i fjord.

Både Nathaniel og Savannah likte rømmegrauten (kan hende det hadde noko med fråveret av skikkelig syrleg rømmesmak?). Savannah åt tre heile fat!

Klare for lokaltoget i fine bunadar!


 Nathaniel gjekk heile toget som tok rundt 45 minutter. Det regna stort sett heile tida, men vi hadde paraplyer så det gjekk greit. Også var det kjekt å hoppe over vannpyttane. Det lokale skulekorpset er kjempeflinke, og det var skuleklassane også, så vi fikk skikkelig kjensle av 17.mai! Etterpå knuffa vi oss saman i hallen for is og pølse, og endte opp med Vestlandslefse og vatn. Ok. Begge ungane fikk fiske kjekke snopeposar med "hugleik på staur":)

Godt det er eit år til neste gong! HURRA!!!!!!!

Ser dette koselig ut?



Ser det ut som om to gode søsken kosar harmonisk med samme bamse?

I wish...

17 mai-blomster

Eg har lenge hatt denne oppskrifta liggande. Etter at eg var ferdig med tunikaen til Savannah sist veke fann eg eit garnnøste eg kjøpte på sal for fleire år tilbake (og som var til toving) og strikka i alt fem Daniella-blomster på eit nøste. I dag tova eg de - og de vart kjempefine! Flaksen er også at det eine nøstet eg hadde var raudt, så da var del ein av de "norske fargane" i boks. Med restar av Marius-tunikaen og oppskrifter frå boka "100 blomster - strikking & hekling" av L. Stanfield strikka eg i går og i dag to blomster til og TATAAAAAA:


7 blomster:)




Den kvite rosa kom ikkje så godt fram på biletet, men i forskjell frå de to andre der kvart kronblad er strikka ferdig for seg sjølv er den strikka i ei lang remse med øking og felling. Desse kjem eg til å bruke som pynt på bordet 17. mai!:)

Desse eg også med i Pinnekroken sin utfordring #26 Nasjonaldagen.

Da blir det stille her nokon dagar - eg gler meg til ei helg utanom det vanlege:) Og tenk: på søndag har eg bursdag også! Dette kan jo knapt bli betre:):)

Mariustunika

Det føltes flott å kunne strikke eit mønster eg har vore glad i så lenge eg hugsar. Mariusgensaren er knallfin! Og det var ein trygg start å begynne med ein tunika der mønsteret var nede.


Eg kosa meg skikkelig mens eg strikka dette! Heldigvis var det masse tråd igjen, så eg er snart klar med eit Marius panneband på pinnane. Tunikaen fann eg i oppskiftsheftet frå Sandnes Garn "Klassikere o-4"

Savannah pimper opp antrekket:)

Og storebror vil også vere fotograf.

Da gjennstår det berre å dampe den slik at kanten held seg nede:)

Tunikaen er med på Pinnekroken sin utfordring #26 Nasjonaldagen. Klassisk norske mønstre? Glir rett inn 17. mai! Og alle andre dager i året:)

Jotunkort


I går var vi bedt til kaffe i konfirmasjonen til Hogne sitt søskenbarn. Kort laga eg ved å klippe opp fargeprøver frå Jotun og lime de på eit samanbretta ark.

Knallfine farger! Dette er internettlærdom - godt til så mangt!

Også dette er frå nettet. Artig måte å gje vekk pengar på. Dette er kun for å vise; han fikk ikkje ein femhundrelapp og eit tilgodelapp frå Platekompaniet:)

Eg hadde også henta med meg nokon meir feminine fargar, og med rundare formar og bilete av bursdagsjenta og Nathaniel laga vi eit 4-årskort til vennen Julie som bur i Kongsberg.

Klare for konfirmasjon!


Og så godt det er å få av seg bunaden å la kreativiteten blomstre på pianoet før sengetid!

No ventar ei spanande veke for meg - men først skal vi lage ein haug med vafler og kose oss med besøk av gode venner:)

Ha ein strålande søndag!!

Lyderhorn

- det vakraste av alle byfjellene!

1 mai var første sommardagen her i byen mellom de 7 fjell (deriblandt altså Lyderhorn). Rett etter frukost pakka vi oss ut for å ta første skikkelige fjelltur med to unger. Nyttårforsett 2, del 5 av 12 - vi tok deg den første dagen i månaden denne gongen:)


Opp det såkalla "Grisetrynet" - bratt, men da kjem vi jo fort opp på fjellet! Nathaniel klatra og prata som ein foss. Om løver, og tigere, troll og "blautaskjit" (kva sistnevnte er veit vi ikkje, det er eit barnehageuttrykk. Vi trur kanskje det er gjørme rett og slett)

Oppe på fjellkammen stoppa vi for litt påfyll av vatn, kakao og rosiner.

Når vi først er komt opp på fjellet er det ganske så greit å gå får småttiser også. Savannah gjekk kjempelang på eigne bein! Morgontåka letta i det vi kom opp. Restane ser vi godt bak oss på biletet.

Nathaniel nyter utsikta over Askøy og Askøybrua.


Nathaniel ville gå heilt på toppen, men Savannah begynnte å bli trøtt så vi måtte snu på ein topp før toppen (som vi da kalla for toppen slik at Nathaniel skulle synes at det var ok). Nathaniel gjekk heile vegen ned også - vi er så imponerte! Saman med mange av de vi møtte på veg ned som trudde at vi hadde vore heilt på toppen (ja, vi lot de jo tru det også da:)) synes vi Nathaniel er ein kjempesprek gut! Det er i alle fall ikkje noko problem å ta med ungane på fjelltur!

Resten av 1. mai vart brukt til årets første grillmiddag etterfølgt av ein sykkeltur og is frå bensinstasjonen. Det må jo vere den beste 1. mai nokon sinne!!

Vinnarlykke 3

Vi håper jo alltid på å vinne noko...


Nathaniel "vant" jo ein Kaptein Sabeltann-DVD sist sommer. No har han/eg vunnet igjen!

Ein GEDIGEN Skofus-hund kom med postmannen, levert på døra i går kveld! Går du inn her er det framleis sjanser for å vinne ein mega-Skofus!

Sa eg at den var svær???!!!


Ein ny venn vart med på morgonrutinene i dag tidleg:)

Sterke unger

Mammaen er også sterkt - som de kan sjå av handa til venstre...

Savannah har begynt å seie HEILE setninga - i alle fall om vi ser stort på det:) Ho kan to setningar "Pappa der" og "Pappa sterk". Trenger eg å sei at ho er ekstra fantastisk i Hogne sina auger for tida?;)

I morgon er det fri og sol. Vi planleggjer grilling på nybeisa veranda! YES!!

ps. aktivitetslista for helga? Vi har skjekka av ALLE POSTANE! Berre nevner det...:D

Nybada



Med bilete av to reine og gode unger ønskjer vi GOD HELG! I helga skal vi ta ein rask 60-årsfeiring til Hogne si tante, handle kaffe på 40% avslag, strikke ferdig noko fint til Savannah, vaske huset og klær, spyle som nokon galningar med den nye høgtrykksspylaren - også skal eg på jobb med familieteater på søndag. Godt at vi har ein ekstra fridag neste veke:)

Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
Ann-Kristin om runddansen...eller livet

Ann-Kristin om runddansen...eller livet

31, Bergen

Eg bur i Bergen med mann, to barn og pus. Her blogger eg om kvardagen vår. Små historier og kvardagslykke som fort går i glømmeboka.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits